Prisar

Våre prisar og vilkår

Oppdrag/prisar/fakturering

Ved oppstart av eit oppdrag, vil klienten få ei oppdragsstadfesting som skal underteiknast av advokat og klient. Det vil der m.a. vere teke inn opplysningar som timepris og eit overslag over kva oppdraget vil koste i den grad dette er mogeleg ut frå oppdraget sin karakter.

Særskilte utlegg/administrasjonskostnader kjem i tillegg.

Ved avrekning av honorar vil ein ta utgangspunkt i medgått tid, oppdraget sin kompleksitet og oppnådd resultat. Medgått tid er såleis ikkje åleine avgjerande for salærberekninga.

Våre rettleiande timeprisar er pr. dato frå kr 1.600 eks. mva.

Normalt vert det fakturert etterskotsvis om lag ein gong i månaden. Ved større omkostningar som til dømes dokumentavgift vil det verte kravd inn forskotsbetaling. Advokaten kan også krevje at nye klientar betaler eit forskotsbeløp knytta til eit oppdrag, som vil verte avrekna ved seinare fakturering.
 

Fri rettshjelp/fri sakførsel

Fri rettshjelp/fri sakførsel

For spesielle sakstypar og under føresetnad av at klienten ikkje har for høg inntekt og/eller formue, vil det kunne verte innvilga fri rettshjelp, det vil seie at det offentlege dekker det alt vesentlege av honoraret/utgiftene. Søknad om fri rettshjelp vil verte framsendt av advokaten.

Du kan sjølv på fylkesmannen si nettside sjå om du har krav på fri rettshjelp.
Heile rettshjelpslova finn du på www.lovdata.no.

Forsikringsdekning

Forsikringsdekning

Ein del sakstyper kan ha forsikringdekning under rettshjelsdekninga som inngår i dei fleste forsikringar knytta til heim-, villa og landbruksforsikringar. Ved ei eventuell rettshjelpsdekning må det betalast eigenandel.

Kostnader ved tvister

Kostnader ved tvister

Ved saker der det føreligg tvist eller tvist kan oppstå, må klienten vere merksam på følgjande:

  • Klienten er ansvarleg for å betale advokaten sine rekningar uavkorta uavhengig av motparten sitt saksomkostningskrav.
  • Dersom saka vert tapt kan klienten verte pålagt å betale motparten sine sakskostnader i tillegg til eigne sakskostnader.
  • Sjølv om saka vert vunnen er det ikkje sikkert at motparten vert pålagt, eller er i stand til, å betale saksomkostninger, og klienten vil i begge tilfelle vere ansvarleg for å betale advokaten sine fakturaer fullt ut.
     

Teieplikt

Teieplikt

Advokaten er forplikta til å behandle alle opplysningar fortruleg som er mottekne frå klient eller om klient. Teieplikta gjeld likeeins alle tilsette hos advokaten/i kontorfellesskapet.

Dokumenter og arkivering

Dokumenter og arkivering

Advokaten oppbevarer alle saksdokument i arkiv i 10 år etter saka si avslutning. Originale dokument vil verte returnert klient ved saksavslutning, eventuelt saman med øvrig saksdokumentasjon i fall det kan vere av interesse for klienten å oppbevare dette sjølv.
 

Klageadgang

Klageadgang

Det er høve til å få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk. Klienten har også høve til å klage dersom ein er misnøgd med salæret sin storleik. Kvaliteten på arbeid kan i utgangspunktet ikkje vurderast av disiplinærorgana.

Som hovedregel er det ein klagefrist på 6 månader. Klaga vert behandla av Advokatforeninga sitt regionale disiplinærutval som førsteinstans. Ei avgjerd frå disiplinærutvalet kan ankast inn for Disiplinærnemnda.

Reglar for god advokatskikk og nærare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeninga si heimeside: www.jus.no under Råd og rettshjelp.