Eigedomsmekling

Skal du selje bustad?

Vi har lang erfaring med sal av einebustader, leilegheiter, gardseigedomar og fritidseigedomar. Kjerneområdet vårt er Gloppen, Stryn og Jølster.

Honorar til meklar vil normalt ligge omkring kr. 48.000,- inkl. mva. I tillegg kjem utgifter til annonsering mv. Ein får full oversikt over alle kostnader i utkast til oppdragsavtale.

I tillegg til ordinære meklaroppdrag, tilbyr vi kontraktsoppgjer (kjøpeavtale, skøyte og oppgjer) til fastpris kr. 15.000,- inkl. mva.

Husk at det er lurt å starte planlegginga i god tid. Det kostar ikkje noko å ha førehandsmøte med meklar.

Innhenting av takst

Seljar tar sjølv kontakt med takstmann for bestilling av verditakst eller bustadsalsrapport. Meklar har oversikt over aktuelle takstmenn i distriktet. Taksten kan ikkje vere eldre enn 6 månader når eigedomen blir lagt ut for sal.

Synfaring med meklar

Så snart takst ligg føre og oppdragsavtale er signert, vil meklar føreta synfaring av eigedomen saman med eigar der meklar m.a. gir tips om klargjering av eigedomen før fotografering og sal.

Fotografering

Vi har fast avtale med lokal fotograf som kan tilby ulike fotopakkar til ein gunstig pris. Seljar avtaler sjølv tidspunkt for fotografering med fotografen.

Utarbeiding av salsprospekt

Meklar innhentar dokumentasjon til salsprospekt, som t.d. reguleringsplan, 2D-teikningar, energiattest mv. Salsprospektet skal godkjennast av seljar og blir trykt av lokal produsent.

Visning og bodrunde

Eigedomen blir annonsert for sal på FINN, vår Facebook-side og andre kanalar, så snart salsoppgåva er klar. I tillegg tilrår vi annonse i lokalavis(er). Det blir hengt opp eit «Til Sals» skilt på bygningen. Meklar er ansvarleg for gjennomføring av både vising om ikkje anna er avtalt. Salsprospektet inneheld nærmare reglar om bodgiving.

Kontraktsmøte og avslutning av oppdraget

Så snart det er gitt aksept av bod blir det avtalt kontraktsmøte mellom partane. Overtaking skjer normalt seinast 3 månader etter aksept av bod.

finn.no

Finn.no